tirsdag 23. september 2014
Årets fyrste Interiørtur
Fredag 19.09 reiste DH2 til Raglamyr for årets fyrste interiørtur. Fokuset var retta mot stoveinnredning, då dette er tema i neste interiørprosjekt...
Teikning- og verktøyøvingar
Utprøving av nye material og verktøy frå årets utstyrspakke. Teikning og øving i å gjengi farge, form og tekstur.
mandag 1. september 2014
"Finaste eg vett"
Oppstartsoppgåva innan fagfeltet utstillingsdesign vart kalla "Finaste eg vett". Målet med oppgåva var både å få ein introduksjon til faget, men og for å bli bevisstgjort på eigen stil og at medelevar og lærar skulle bli litt kjent med denne stilen. Elevane fekk i oppgåve å ta med m.a. klesplagg, interiørartikkel, emballasje... så skulle ein bruke ein eller fleire av desse saman med valfrie podier og andre rekvisitter til å sette saman ein heilskapeleg utstilling med "Finaste eg vett"...
Arbeidsbøker
For å samle og halde orden på fagstoff har DH2 laga bokomslag til kvar sine to bøker. Ei til fagstoff om interiør og utstillingsdesign, og ei til fagstoff knytt til stil- og arkitekturhistorie... Det eine bokomslaget var tekstilt, med dekor av rammelim, det andre blei laga i Photoshop som ein digital kollasj og printa på godt papir...
MobilHotell
Då mobilen ikkje skal væra med i undervisninga, har DH2 laga mobilhotell, så mobilen får ein komfortabel opphaldsstad mellom friminuttane...
Abonner på:
Innlegg (Atom)