DH2 har dekorert bord i kantina i anledning juleavslutninga til skulen.
fredag 19. desember 2014
mandag 15. desember 2014
Juleverkstad
Fredag 12. desember hadde DH2 ein koseleg dag. Juleverkstad med produksjon av julepynt og julegåver.
torsdag 4. desember 2014
tirsdag 2. desember 2014
Redesign FROSTA fra IKEA
DH2 har fått i oppgåve å jobba med redesign, konsept, merkevarebygging og identitet. Dette skal løysast ved å utforme eit konsept og redesigne 3 stk krakkar (som skal behalde funksjonen krakk om i eit noko utvida omgrep), ein skal lage trykksaker knytt til produktet og ikkje minst utforme ei utstilling som bygger opp rundt konseptet/merkevaren.
Interiørløysing kjøkken
DH2 har hatt eit reelt oppdrag kor dei skulle teikne kjøkken/allrom i eit nytt påbygg i bolighus. Under finn ein nokre dømer:
tirsdag 4. november 2014
KjøkkenTur 2014
Som innleiing til oppgåve kor DH2 skal jobbe med kjøkken, var klassen på reis til Raglamyr fredag 31.okt. Besøk på mange kjøken og kjøkenrelaterte butikkar, og sjølvsagt tradisjonen tro: lunsj på Mc Donalds.
Utstilling bibliotek
DH2 har hatt i oppgåve å laga utstilling i Etne bibliotek. Sjølvalde tema knytt til bøker. hovudmål med utstillinga: å "selga" leselyst...
TEMA: Hobbybøker for born
TEMA: bøker om gjenbruk/redesign/retro
TEMA: Krim og spenning
TEMA: Mariusmønster/strikking
TEMA: Fantasy/ Dancing with dragons
TEMA: Barnebøker med vintertema
TEMA: Hobbybøker for born
TEMA: bøker om gjenbruk/redesign/retro
TEMA: Krim og spenning
TEMA: Mariusmønster/strikking
TEMA: Fantasy/ Dancing with dragons
TEMA: Barnebøker med vintertema
tirsdag 28. oktober 2014
Rekvisitter Bibliotekutstilling
Utstillingsoppgåve kor ein skal lage utstilling til tema eller ei bestemt bok i Etne bibliotek. Her er rekvisitter under produksjon.
torsdag 2. oktober 2014
Klassetur til Bergen
Måndag 29.09 reiste VG2 Interiør og utstillingsdesign til Bergen på klassetur. Fyrste dagen var me med på RAFF-vandring i Bergen sentrum, et arrangement i samarbeid med den kulturelle skulesekken, kor me fekk sjå ulike designutstillingar. Vandringa blei avslutta med ei spanande omvisning på Theodor Olsen sølvverksted. Vidare reiste me til IKEA, hadde litt tid til Shopping og avslapping før middag på Peppes. Overnatting på YMCA.
Tysdag starta dagen med frukost før me besøkte Illums Bolighus og Bolia. Her både såg og prøvesatt me klassikarar og nytt design. Turen blei avslutta med besøk i Vestlandske kunstindustrimuseum før me reiste heim til Etne.
tirsdag 23. september 2014
Årets fyrste Interiørtur
Fredag 19.09 reiste DH2 til Raglamyr for årets fyrste interiørtur. Fokuset var retta mot stoveinnredning, då dette er tema i neste interiørprosjekt...
Teikning- og verktøyøvingar
Utprøving av nye material og verktøy frå årets utstyrspakke. Teikning og øving i å gjengi farge, form og tekstur.
mandag 1. september 2014
"Finaste eg vett"
Oppstartsoppgåva innan fagfeltet utstillingsdesign vart kalla "Finaste eg vett". Målet med oppgåva var både å få ein introduksjon til faget, men og for å bli bevisstgjort på eigen stil og at medelevar og lærar skulle bli litt kjent med denne stilen. Elevane fekk i oppgåve å ta med m.a. klesplagg, interiørartikkel, emballasje... så skulle ein bruke ein eller fleire av desse saman med valfrie podier og andre rekvisitter til å sette saman ein heilskapeleg utstilling med "Finaste eg vett"...
Arbeidsbøker
For å samle og halde orden på fagstoff har DH2 laga bokomslag til kvar sine to bøker. Ei til fagstoff om interiør og utstillingsdesign, og ei til fagstoff knytt til stil- og arkitekturhistorie... Det eine bokomslaget var tekstilt, med dekor av rammelim, det andre blei laga i Photoshop som ein digital kollasj og printa på godt papir...
MobilHotell
Då mobilen ikkje skal væra med i undervisninga, har DH2 laga mobilhotell, så mobilen får ein komfortabel opphaldsstad mellom friminuttane...
fredag 15. august 2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)