torsdag 2. oktober 2014

Klassetur til Bergen





















Måndag 29.09 reiste VG2 Interiør og utstillingsdesign til Bergen på klassetur. Fyrste dagen var me med på RAFF-vandring i Bergen sentrum, et arrangement i samarbeid med den kulturelle skulesekken, kor me fekk sjå ulike designutstillingar. Vandringa blei avslutta med ei spanande omvisning på Theodor Olsen sølvverksted. Vidare reiste me til IKEA, hadde litt tid til Shopping og avslapping før middag på Peppes. Overnatting på YMCA.





















Tysdag starta dagen med frukost før me besøkte Illums Bolighus og Bolia. Her både såg og prøvesatt me klassikarar og nytt design. Turen blei avslutta med besøk i Vestlandske kunstindustrimuseum før me reiste heim til Etne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar